Visning: A A A A A
Sammen for Hammerfest!
sørøya

Undersøking av landets vassressursar

Det vil i tidsrommet frå 15. september og fram til 1. desember 2019, verte gjennomført vassprøvetakning i Låtertvannet på Sørøya frå helikopter. Omsyn til vilt og reinsdyr  skal takast.

Effektar av ureina luft og nedbør på vassressursar skal no følgjast opp gjennom ei undersøking av om lag 1000 innsjøar i heile Noreg. Det er Norsk Institutt for Vannforskning (NIVA som skal gjennomføre undersøkinga på oppdrag frå Miljødirektoratet.

Som eit ledd i Miljødirektoratet sitt arbeid med å halde oversikt over miljøtilstanden i norske innsjøar er det tidlegare gjennomført tre store undersøkingar i Noreg. Den fyrste vart gjennomført i tre etappar med 155+153+719 innsjøar i 1974-1975. Den andre vart gjort hausten 1986, da det vart samla inn vassprøver frå 1005 norske innsjøar. Hausten 1995 vart den hittil siste undersøkinga gjennomført. Da vart det teken vassprøver frå 1500 innsjøar. Av desse vart 500 og undersøkt i 1986, og her var formålet å sjå utviklinga i vasskjemi sidan 1986. Men det vart og gjort eit statistisk utval på 1000 sjøar frå kvar region i landet, som skulle gje eit representativt bilete av vasskjemien i heile Noreg.

l 2019 har Miljødirektoratet bestemt at dei 1000 statistisk utvalde innsjøane frå 1995-undersøkinga skal takast på nytt til hausten for å oppdatere oversikta over miljøtilstanden. Undersøkinga i år skal i størst mogleg grad gjerast som den i 1995. Data skal samanliknast med data frå 1995, og det er særs viktig å ta prøver frå dei same lokalitetane.

Den faglege bakgrunnen for undersøkinga er at det har skjedd store endringar i viktige miljøfaktorar dei siste 23 åra.Sur nedbør har gått kraftig attende. l takt med redusert sur nedbør har og konsentrasjonar av kalsium og magnesium gått ned,og ein fryktar at dette enkelte stader kan gje marginal vasskvalitet for fisk og anna liv. Langtidsdata frå overvaking viser aukande humusinnhald (farge) i vatn, og dette har vare eit problem for fleire vassverk. Også dette har vare knytt til reduksjonen i sur nedbør. Klimaet har vorte varmare og det har vare meir hyppige episodar med ekstremvær,til dømes tørka i Sør-Noreg i fjor sommar. Ein veit ikkje nok om korleis det står til med vasskvaliteten på nasjonal skala i dag.

Det skal takast ei prøve frå kvar innsjø. Prøva vil bli teken med vasshentar frå helikopter over sentralt område i innsjøen.Dette vil ta om lag 2-3 minutt i kvar sjø. Helikopteret vil altså ikkje lande fysisk på innsjøen. Faren for spreiing av sjukdomar og parasitter skal være minimal ved at utstyret tørkast  og overskotsvatn slås ut over land i eige nedbørfelt.

Lenka til kart Kommunekart.com

Kontaktinfo Norsk institutt for Vannforskning

www.niva.no

Tlf. 22 18 51 00

E-post: post@niva.no

 

 

Tips en venn Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS